Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven stadfestar at talet også kan bli høgare, men at dei førebels ikkje kan seie noko meir konkret om kor mange.

Hovudtillitsvalt for Fellesforbundet, Olav Høydalsvik, seier samtalene med leiinga har gått greitt:

– Vi er innforstått med korleis situasjonen er, og at dette er naudsynt, seier han til smp.no.

Les også: Blir ikke kvitt milliard-båter (krever abonnement)

I hovudsak råkar permitteringane funksjonar som vedlikehald og transport. Bakgrunnen for at ei treng færre folk i jobb i ein periode til månadsskiftet oktober/november, er at verftet har blitt einige med danske Maersk Supply Service om å utsette levering av fire ankerhandterarar.