PSV-ane Havila Foresight og Havila Charisma får fast arbeid for Statoil dei neste tre åra, og avtalen med oljeselskapet kan bli forlenga med tre nye år.

Begge kontraktane er ei vidareføring av noverande avtalar, ifølgje ei børsmelding tidleg onsdag.

Krever miljøtiltak

For å sikre seg oppdraget har reiarlaget frå Herøy vore nøyd til å investere i batteridrift og landstraum, som vil spare drivstoff. Så langt i år har Havila sikra seg kontraktar for seks skip.

Tysdag melde også Solstadfarstad at PSV-en Far Searcher skulle få installert eit energilagringssystem i samband med skipet sin nye femårskontrakt med Statoil.

Også reiarlaget DOF melde onsdag om to fem-årsavtalar for Statoil på to PSV-ar.

Ser betring

Havila opplyser ikkje kva dei får betalt for oppdraga.

– Dei siste avtalene er inngått til prisar eg meiner vi skal klare å tene bra på. Eg skal på ingen måte forsøke å friskmelde bransjen, men aktiviteten er i alle fall høgare, seier Havila-sjef Njål Sævik i ei pressemelding.

For Havila Charisma sin del går jobben fram til desember 2020, medan avtalen for Havila Foresight gjeld til januar 2021.