Firmaet har 17 tilsette, ifølge forvalt.no.

Selskapet har spesialisert seg på betongsaging, kjerneboring, støyping og riving, og har halde til på Valle.

Over fleire år har omsetninga vore fallande. Hovudaksjonær og dagleg leiar Jørgen Valde har no sett seg nøydd til å levere inn selskapet. 26. juni vart det opna konkurs.

Bustyrar er Trond Svinø i Ålesund.

Også i 2010 gjekk entreprenøren konkurs. Den gong var det 28 tilsette i selskapet.