Onsdag fekk Remøy Havfiske førespegla ei bot på 30 millionar kroner for ulovleg fiske i russisk farvatn. Rekneskapa viser at reiarlaget er i ein utsett økonomisk situasjon med konflikten om reketrålaren Remøy.

Oppmodar regjeringa

Reiarorganisasjonen Fiskebåt ber norske styresmakter ta ansvar. Administrerande direktør Audun Maråk oppmodar utanriksministaren og fiskeriministaren om å «rydde opp».

Les også:

Fiskebåt meiner Brende og Sandeberg må rydde opp

Bakgrunnen for at konflikten oppstod var ein skjemafeil gjort av Fiskeridirektoratet. Reiarlaget har heile tida opplyst at dei fiska i god tru.

«Heftig investering»

Remøy Havfiske har to båtar i drift og tre tilsette på land: Syskena Olav og Kristin Remøy, og teknisk sjef Terje Kvalsvik. Det har vore store omveltingar og låg inntening dei siste åra. Ved sidan av Remøy - tidlegare Hopen - har dei Nordsjøbas som driver pelagisk fiske.

(saka held fram under)

Selskapet kjøpte trålaren med fiskerirettar frå Åge Remøy i fjor. Reiarlaget var utan båt meir enn eitt år etter at førre Remøy blei selt til Canada.

Dagleg leiar Kristin Remøy kalla det «ei heftig investering» då leiinga møtte pressa i slutten av mai, men at drifta gjekk fint. Så kom russarkonflikten.

– Alle forstår at dette er ei alvorleg situasjon for oss og at det får konsekvensar, seier ho.

Allereie tapt millionar

Reiarlaget har allereie hatt betydelege utgifter. Styreleiar Olav Remøy i Remøy Havfiske har tidlegare gjort det klar at dei som eit lite reiarlag er avhengig av hjelp frå politisk hald i ei slik sak.

Han er ikkje redd for at saka trugar framtida for selskapet: – Men saka er sjølvsagt ei stor belastning, opplyser han.

(saka held fram under)

Til konflikten er avklart, er det lite aktuelt å reise på rekefiske i russisk farvatn. I tida trålaren blei heldt tilbake av russiske styresmakter, tapte dei truleg rundt ti millionar kroner i fangstinntekter.

Det utgjer om lag ein femdel av årlege inntekter frå fiskeri dei siste åra. I åra etter 2011 har dei tre år med underskott og gjelda har auka betydeleg. Samstundes har dei auka eigenkapitalen og soliditeten er god.

Det er lite truleg at reiarlaget får dekt tapte inntekter frå forsikringsselskapet.

Varm velkomst på Vigra: – Det er godt å vere heime (for abonnentar)