Kleven kom tidlegare i sommar med pressemelding om rekneskapen for fjoråret, der det gjekk fram at situasjonen var forverra.

I rekneskapen som er sendt inn til Brønnøysund kjem det meir detaljert fram kor alvorleg situasjonen er.

Skipskunde betalte ikkje

I ein note til rekneskapen går det fram at Kleven verft har teke betydeleg tap på utlån til søsterselskap og nybygging av skip. Spesielt gjeld dette ein prosjekt selskapet kansellerte i juli i fjor, på grunn av at kunden ikkje betalte.

Og i rekneskapen går det fram at Kleven tapsførte byggeprosjektet med 146 millionar kroner i 2015, basert på verdianslag frå tre meklarar. Men ved årsskiftet er salsprisen vurdert i forhold til kontrakten med ny reiar. Og dette har ført til ytterlegare tapsføring på 122 millionar kroner i 2016, ifølgje konsernrekneskapen.

Har brote lånevilkåra

Kleven verft hadde i fjor 3,7 milliardar kroner i inntekter, mot 3,0 milliardar året før.

Ifølgje rekneskapen var underskotet i fjor på 267 millionar kroner. Tilsvarande tal for 2015 var 231 millionar.

Selskapet har altså gått med ein halv milliard i underskot siste to åra. I årsmeldinga skriv styret at Kleven verft AS er svekka økonomisk som følgje av underskota to siste åra.

Ved årsskiftet var lånevilkåra i bankane brotne, men det går fram at ein samarbeider tett og konstruktivt for å sikre normal drift.

Ordførar om Kleven-krisa: Trur på nye lokale eigarar i Kleven

Revisor stiller spørsmål

Revisor stiller i si melding spørsmål ved evna til vidare drift og merkar seg at det ligg føre uvisse om dette.

Styret i Kleven-konsernet har sett i gang arbeid med å styrke eigenkapitalen og likviditeten for å sikre normal drift vidare. Finansielle rådgjevarar er gitt mandat til å hente ny eigenkapital. Ifølgje årsmeldinga viser prosjekta under arbeid i år positiv inntening. Difor meiner styret at føresetnadene for vidare drift er til stades.

Trur på pluss i år

Verftet har fokus på effektivisering, og det er venta at byggeprosjekta som er i gang blir gjennomført på ein lønsam måte. Difor ventar bedrifta overskot i 2017.

Konsernet har som kjent ei velfylt ordrebok. Ved årsskiftet var verdien på kontraktane rekna til å vere 11,4 milliardar kroner brutto, mot 11,0 milliardar eitt år tidlegare.