Bankveteranen Leif Teksum tek over rolla som styreleiar i Kleven etter at konsernet har fått nye eigarar.
Frå det gamle styret er det berre Kjersti Kleven som held fram, men som styremedlem i staden for leiar. Også tidlegare Statoil-sjef Olav Fjell, som gjekk inn i styret så seint som i sommar, er ute, ifølgje opplysningar rapportert inn til Brønnøysundregistrene
Røkke-kamp
Siviløkonomen Leif Teksum har vore i DnB-systemet i ein mannsalder, der han mellom anna hadde vore i toppleiinga i meir enn 20 år, då han slutta i 2014.
Teksum har vore med å avgjere lagnaden til nokre av landets største bedrifter, mellom anna var han sentral då Kjell Inge Røkke fekk kontroll i Kværner på starten av 2000-talet.
I dag er han såkalla «styreproff», mellom anna som styreleiar i Yara International og roller i styrene til bedrifter som Selvaag Eiendom og Evry. Teksum er busett i Bergen.
(saka held fram under)
Kleven-familien har ikkje lenger aksjemajoritet Hurtigruten investerer i Kleven verft – unngår konkurs
Stordalen-partnar
Inn i Kleven-styret kjem også Henrik August Christensen som omtalast som kjendisadvokat i Dagens Næringsliv sine spalter. Christensen gjekk nyleg av som styreleiar i kriseramma Norske Skog og har styreverv i fleire av Petter Stordalen sine selskap.
Stordalen er som kjend ein av dei nye majoritetseigarane i Kleven saman med Hurtigruten og britiske TDR.
Advokat-partnar
Anne Kjølseth Ekerholt, er også nyvalt til Kleven-styret. Ho er partnar i Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange og blir presentert som ekspert i transaksjonsrådgjeving for større klientar, mellom anna industrikonsern og finansforetak. Ho er ikkje registrert med andre verv, enn som varamedlem til to bedriftsstyrer.
Ole-Christian Sandvold er truleg det mest ukjende namnet i det nye styret, men skal vere oljeanalytikar.
(saka held fram under)
Tidlegare Rem-sjef
Ein mann som mange vil dra kjensel på lokalt er Arild Myrvoll frå Fosnavåg som i fleire år var Åge Remøy si høgre hand i Rem Offshore.
Myrvoll slo følgje med Remøy over til OSV Management, som blei starta opp i kjølvatnet av Solstad si overtaking av Rem-reiarlaget.
Åge Remøy er oppført som varamedlem til styret i selskapet han har gått inn i med kring 60 millionar kroner.
Blir utvatna
Etter det smp.no forstår vil dei noverande aksjonærane i selskapet sitte att med ein svært liten andel, tilsvarende det som har skjedd med restruktureringa av fleire reiarlag.
Åge Remøy vil få ein eigardel på kring 20 prosent i Kleven saman med sin svenske partnar Magnus Roth.
Remøy-partnerne: Ein islandsk fiskekonge og ein sky svenske Rem-sjefen: – Det har vore ei fantastisk historie
Smp.no fekk fredag ikkje kontakt med avtroppande styreleiar Kjersti Kleven, Kleven-direktør Ståle Rasmussen, eller kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund for ein kommentar til det nye styret.