Fekk læreplass Iver U. Bjørnevik og Fredrik Håvik har begge læreplass ved Fiskerstrand verft, der dei nyleg fekk møte statsminister Erna Solberg.
            (Foto: Marius Simensen)

Fekk læreplass Iver U. Bjørnevik og Fredrik Håvik har begge læreplass ved Fiskerstrand verft, der dei nyleg fekk møte statsminister Erna Solberg.Foto: Marius Simensen

80 ungdomar utan læreplass i Møre og Romsdal

Langt fleire unge har fått læreplass i år, samanlikna med same tidspunkt tidlegare år. Men framleis står mange utan tilbod.

Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Fagopplæringssjef Bjørnar Loe håpar at fleire bedrifter kjem på bana, slik at fleire får eit slikt tilbod.

– Søkartalet til læreplass har vore stigande dei siste åra. I år har vi 1281 søkarar, i fjor var det 1210 og i 2015 var søkartalet 1183. Til no er 851 søkarar formidla, 86 fleire enn på same tid som i fjor. Auken frå 2015 er enda større, heile 143 plassar. Formidlinga for 2017 blir ikkje avslutta før 1.november, og då vil vi få dei endelege tala, seier Loe.

Mellom dei 80 ungdomane som står utan tilbod er det særleg søkarar til tømrarfag, elektrikarfag og barne- og ungdomsfag/helsearbeidar. Eit tredje år på skule, kan vere eit alternativ for fleire av desse.


NHOs kompetansebehov:

Denne kompetansen etterspør bedriftene

Flere bedrifter i fylket oppgir å ha et udekka kompetansebehov.

 

Yrkesfagene tilpasses arbeidslivet

Elever skal få tidligere spesialisering og mer opplæring i relevante fag i det som kan bli den største endringen innen yrkesfag på over ti år.


Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Fagopplæringssjef Bjørnar Loe i Møre og Romsdal fylkeskommune
            (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Fagopplæringssjef Bjørnar Loe i Møre og Romsdal fylkeskommuneFoto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Leses nå
 

Forsiden nå:

Kystreiarlaga og Ekornes samde om at dei som lagar varene bør få økonomiske gulrøter:

– Endringa frå land- til sjøtransport skjer for sakte