– Samarbeidet har vore krevjande men veldig interessant, seier Arnstein Johansen i Cflow. For første gong har Clow i Langevåg samarbeidd med Fiskerstrand Verft i nabobygda.

Kunden er Frøy Rederi på Frøya. Den 84,5 meter lange brønnbåten «Gåsø Freyja» er søsterskipet til «Gåsø Jarl», som vart levert i juli.

– Begge er utrusta med det siste og mest avanserte innan fiskehandteringsteknologi, ifølgje Johansen og utdjupar:

– I leveransen er det inkludert eit avlusingsanlegg der både ferskvatn og hydrogenperoksid blir nytta for avlusing. Eit nødslakteri er også installert dersom det skulle vere behov for det. Båtane er førebudd på å møte framtidas miljøkrav med omsyn til utslepp av NOx og CO₂.

Lista over lokale underleverandørar frå Sunnmøre er ifølgje Johansen svært lang, så lang at han føretrekker å ikkje nemne nokon.

Cflow fiskehandtering. Foto: Vasco Pinhol

Anlegget for fiskehandtering er ein nyare versjon av det som

Cflow Fish Handling lanserte i fjor vår

.

Med ei fiskepumpe blir laksen transportert gjennom eit rør. På vegen vil laksen stå mot straumen og passere gjennom røret med halen først. I prosessen blir vatn tilsett på ein slik måte at lusa blir angripen i bakkant, der den er mest sårbar. Lusa fell av, blir samla opp og destruert, forklarte Johansen til Sunnmørsposten i fjor.