Det kjem fram i ei oversikt over eigarforholdet sendt ut av selskapet.

Kleven-familien har no ein eigardel på til saman 16,6 prosent etter at det er skote inn ny kapital i verftsselskapet. Dette utgjer både friske pengar og omgjering av ansvarleg lån.

Det som tidlegare utgjorde aksjekapitalen, er no utvatna til berre tre prosent.

Remøy største aksjonær

Åge Remøy og partnaren Magnus Roth er største enkeltaksjonærar via selskapet Inyard Invest, med ein eigardel på 19 prosent.

Deretter følgjer britiske investeringsfondet TDR Capital og Silk Bidco med 15,9 prosent kvar. Dei er del av Hurtigruten-grupperinga som også består av Petter Stordalens Strawberry Capital med ein aksjepost på 7,9 prosent. Denne grupperinga kontrollerer difor 39,7 prosent av aksjane i skipbyggjarkonsernet.

Siste saker om Kleven her

Dei andre aksjonærane er tyske yachtverftet Lürssen-Group med 11,1 prosent og investoren Per Lillebø med 6,3 prosent gjennom selskapet Cortex.

Selskapet H-Invest, som er Kleven-familiens støttespelarar frå Bergen, eig fire prosent.

Nytt styre

Kleven gjer samstundes reie for kven som utgjer det nye styret – som smp.no omtala før helga.

Det nye styret er: Leif Teksum (styreleiar), Henrik A. Christensen, Arild Myrvoll, Anne Kjølseth Ekerholt, Ole-Christian Sandvold og Kjersti Kleven som er den einaste att frå det gamle styret.

Åge Remøy er vara til styret, som også består av dei tilsette sine representantar.

Les også: Bankveteran og kjendisadvokat inn i Kleven-styret (for abonnentar)

315 millionar

Opplysningar rapportert inn til Brønnøysundregistra viser at det er kome inn 315 millionar kroner i selskapet Kleven Maritime Invest. Dette er både friske pengar, omgjering av lån og tidlegare aksjekapital.

Dette selskapet har same styresamansetning som Kleven Maritime-selskapet, og blei starta opp allereie i april i år.