Rekordår Reiarlaget Sølvtrans får overlevert sitt nyaste fartøy frå Myklebust-verftet til Kleven. Her frå ein prøvetur i sommar. 
            (Foto: Olav Thokle)

Rekordår Reiarlaget Sølvtrans får overlevert sitt nyaste fartøy frå Myklebust-verftet til Kleven. Her frå ein prøvetur i sommar. Foto: Olav Thokle

Nytt rekordår for Sølvtrans:

Døyper ny brønnbåt og gir éin million til Kreftforeninga

Sølvtrans inviterer til skipsdåp i samband med sykkel-VM i Bergen laurdag. Reiarlaget kan sjå tilbake på eit nytt rekordår.

Den splitter nye brønnbåten som fredag er klar til å segle frå Myklebust-verftet i Sande, blir døpt i Bergen sentrum laurdag. Fartøyet Ronia Diamond er siste tilskott i flåten til reiarlaget og systerskipet til Ronja Ocean som blei levert frå verftet i mars.

I samband med dåpen vil reiarlaget med hovudkontor i Ålesund, overrekkje éin million kroner til Kreftforeninga. Marknadssjef Robin Halsebakk i Sølvtrans sykla i sommar Norge på langs og samla inn pengar til kreftsaka. Undervegs besøkte han mellom anna verftet i Sande og sjømatbedrifter langs kysten.

Robin (26) fra Ålesund sykler Norge på langs (for abonnentar)

Den 80 meter lange brønnbåten er av eit Rolls Royce-design av typen NVC 387. Den har brønnkapasitet på heile 3200 m3, og kan frakte om lag 500 tonn – tilsvarande rundt 150.000 levande fisk. I tillegg er båten rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lus, opplyser Kleven-konsernet i ei pressemelding.

(saka held fram under)

Robin Halsebakk fekk mellom anna selskap av tidlegare proffsyklist Dag Otto Lauritzen under sommarens innsamling.

Robin Halsebakk fekk mellom anna selskap av tidlegare proffsyklist Dag Otto Lauritzen under sommarens innsamling.



Rekordår

Sølvtrans-reiarlaget fekk eit nytt økonomisk rekordår i fjor. Av ein omsetnad på 643 millionar, viser rekneskapen eit resultat før skatt på 192 millionar.

Reiarlaget som framleis er leia av gründer Roger Halsebakk, fekk for eit par år sidan det amerikanske fondet Silver Holdings inn som majoritetseigar. Etter eigarskiftet er dette også det formelle namnet på konsernetselskapet i Brønnøysundregistra, men reiarlaget heiter framleis Sølvtrans.


Syklet Norge på langs og samlet inn over 1 million til kreftsaka:

– Sykling er enkelt - det er bare å trø

Onsdag ettermiddag nådde Robin Halsebakk fra Ålesund målet. Siden 1. mai har han syklet langs kysten fra Grimstad til Kirkenes. På turen har han samlet inn over

 

Brønnbåt nummer to er levert

Brønnbåt nummer to er levert frå Sula-bedriftene Cflow Fish Handling og Fiskerstrand Verft.


Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Kan spare bussene for tid:

Slik kan det nye busstoppet ved Ålesund sjukehus bli

Nytt trafikknutepunkt på Åse kan spare bussene for tid.

Asbest-funn forsinker Spjelkavik videregående

Funn av asbest fordyrer og forsinker rehabilitering av Spjelkavik videregående skole.