Selskapet utførte arbeid med isolasjon- og ventilasjonsløysingar – i all hovudsak for Kleven- og Myklebust-verfta. I den førebelse rapporten til Sunnmøre tingrett frå bustyrar Linda Brevik går det fram at dei økonomiske vanskane til Kleven-konsernet skapte ringverknader hos underleverandøren.

– Lønnsemda ved kontraktane med oppdragsgjevar blei dårlegare og selskapet tapte pengar, heiter det.

Ubetalte Kleven-rekningar

Etter det smp.no kjenner til, bad selskapet om meir pengar for inngåtte kontraktar, noko Kleven sa nei til.

Etter at bedrifta i mai i år varsla kunden om at dei var ute å køyre økonomisk, stoppa Kleven sine utbetalingar, ifølgje rapporten.

Då leiinga slo selskapet konkurs i slutten av juni, blei det grunngjeve med at dei hadde mista fleire kontraktar med Kleven, aukande gjeld til skattemyndigheitene og manglande evne til å betale feriepengar til dei tilsette.

Av uteståande fordringar har bustyrar fått presentert ein rekkje fakturaer som har gått til Kleven Verft, på til saman 5,4 millionar kroner. Fleire av desse er lagt fram for Kleven med spørsmål om dei meiner nokon av dei ikkje stemmer. Verftet er også varsla om at buet kan komme tilbake med andre krav som kan dukke opp.

– Ikkje konkludert

Bustyrar vil ikkje no gå djupare inn i kvifor selskapet gjekk over ende:

– Når det gjeld årsakene til konkursen, så vil vi kome tilbake til dette i den endelege rapporten til tingretten, seier Brevik til smp.no.

Bustyraren antek at bedrifta fekk problem med å betale rekningane sine frå slutten av 2016. Grunnlaget er at skatteoppkrevjaren i Ulstein ved starten av 2017 tok utlegg i bankinnskott og ein bil grunna skattekrav på kring 2,3 millionar.

Fordi buet ikkje har fått detaljerte opplysningar frå rekneskapsførar, er det ikkje konkludert endeleg om dette.

Store lønnskrav

Ifølgje rapporten er det komen inn 16 krav på nær sju millionar kroner etter konkursen. Det dreiar seg i stor grad om skattekrav.

I tillegg til desse krava vil det plussast på betydelege lønnskrav. I tillegg til dei 116 som var tilsett då selskapet gjekk konkurs, er det 72 tidlegare tilsette som har krav på feriepengar.

Ifølgje bustyrar står det att mykje jobb med lønnskrava og det vil difor ta noko tid før arbeidet med konkursen er ferdig. Etter det smp.no forstår har arbeidarane dei same rettane som andre når det kjem til lønnsgaranti.

Fekk mykje jobb

I åra etter bedrifta blei starta opp i 2011 auka arbeidsmengda. På det meste hadde dei fleire enn 150 tilsette. I desse åra gjekk dei fleste bedriftene i den maritime klynga så det suste.

Rekneskapane frå åra før konkursen viser årlege inntekter på meir enn 40 millionar kroner. Bedrifta gjekk i alle år med overskot, men hadde lite eigenkapital.

De tilsette var polske og dei fleste hadde adresse i heimlandet. Det betyr også at konsekvensane ikkje blir fanga opp av NAV sin statistikk over nye arbeidsledige.

Lite verdiar

Skatteoppkrevjaren i Ulstein har teke eit nytt utlegg i bankinnskott og ein bil. Det vil bustyrar krevje omgjort, fordi det er skjedd kort tid før konkursen. Elles er det ikkje konkludert med om det finst andre disposisjonar ein vil krevje omgjort.

Bustyrar har ikkje konkludert med om det er skjedd noko straffbart i saka eller om det er grunn til å be om karantene for innehavaren.

Sunnmørsposten var torsdag i kontakt med konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven, som ikkje ønska å kommentere saka.