Forretningsmannen Petter A. Stordalen og administrerande direktør Daniel Skjeldam i Hurtigruten kjem måndag til Ulsteinvik. Bakgrunnen er at reiarlaget og Stordalen nyleg gjekk inn som eigarar i skipsbyggjarkonsernet.

Kleven er samstundes i full gang med å bygge dei nye ekspedisjonsskipa til Hurtigruten -  MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen. Skipa blir dei første av denne typen som får hybrid framdriftsmaskineri.

Bildeserie: Sjå teikningar av dei ny Hurtigruten-skipa

Underleverandør konkurs: – Hadde millionar til gode hos Kleven (for abonnentar)

Stordalen og Skjeldam vil mellom anna møte dei tilsette på verftet og media er invitert til å vere med på delar av besøket.

Petter Stordalens selskap Strawberry Capital har ein aksjepost på 7,9 prosent etter kapitalutvidinga. Til saman har «Hurtigruten-grupperinga» hand om knappe 40 prosent av aksjane i konsernet.