Kreditering: MARIUS ROSBACH

Hurtigruten-sjefen og Stordalen møtte Kleven-tilsette:

Stordalen fortalde kvifor han blei overtydd om å satse på Kleven

At dei tilsette ved Kleven og Kleven-familien sjølv ville satse pengar, var avgjerande for at dei nye aksjonærane gjekk inn i konsernet.

Sjå live-sending over frå møtet mellom Stordalen og dei tilsette

Petter Stordalen og Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam møtte måndag formiddag arbeidarane ved Kleven-verftet i Ulsteinvik.

Både riksmedia og lokalpresse møtte opp for å følgje besøket til dei nye aksjonærane i skipsbyggjarkonsernet. Forretningsmannen Petter Stordalen var som vanleg i energisk humør og hadde ikkje noko problem med å lyfte stemninga i kantina på Kleven.

Petter Stordalen møtte til tilsette på Kleven for «opa scene» med pressa til stades.
            (Foto: Staale Wattø)

Petter Stordalen møtte til tilsette på Kleven for «opa scene» med pressa til stades.Foto: Staale Wattø

– Nokon har forsøkt å seie at dette er ein redningsaksjon. Dei tek heilt feil! Vi investerte i Kleven fordi vi trur på dokke, sa Stordalen og fekk stor applaus frå dei tilsette.

Han trakk fram kunnskapet til dei tilsette i konsernet - men også viljen både hos dei tilsette og Kleven-familien til å satse pengar - som avgjerande.

– Dokke var villige til å ofre tid - og pengar. Det overtydde meg, sa Stordalen.

Les også: Låner 24 millionar av dei tilsette (for abonnentar)

Har satsa på automatisering

Stordalen påpeika at suksess ikkje handlar om talent eller flaks.

– Det handlar om gjennomføringskraft. Det handlar om å tørre å gjere ting annleis, som konkurrentane ikkje har gjort. Og derfor er dette Norges mest moderne verft, sa han.

Kleven var tidleg ute med å «flagge heim» stålarbeidet i skipsbygginga. Resultatet er mellom anna at dei to hurtigruteskipa som no tek form på verftet, blir bygd vel hjelp av med avansert robotteknologi.

(saka held fram under)

Petter Stordalen sa at kunnskapen hos dei tilsette - saman med viljen til å satse pengar på bedrifta - gjorde at han sa ja til å gå inn med kapital i Kleven. 
            (Foto: Staale Wattø)

Petter Stordalen sa at kunnskapen hos dei tilsette - saman med viljen til å satse pengar på bedrifta - gjorde at han sa ja til å gå inn med kapital i Kleven. Foto: Staale Wattø

Underleverandør konkurs: – Hadde millionar til gode hos Kleven

Ulstein-bedrift med 116 polske arbeidarar gjekk konkurs etter tap på Kleven-kontraktar. Ein månad etter verftet slutta å betale, melde underleverandøren oppbod.

 

Kjersti Kleven vert einaste igjen frå gamlestyret:

Bankveteran og kjendisadvokat inn i Kleven-styret

Berre Kjersti Kleven blir med vidare i styret som skal leie skipsbyggjarkonsernet til smult farvatn.


– Tesla-revolusjon på sjøen

Etter at Stordalen hadde gått langt utover si tilmålte tid, tok Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam over og fortalde korleis dei såg føre seg eigarskapen i Kleven. Han fortalde at dei ville ha med seg Kleven og resten av den maritime klynga til å gjere ein «Tesla-revolusjon» på sjøen - og at dei tenkte langsiktig.

– Eg er overtydd om at verden står for Kleven sine dører framover, sa Skjeldam.

Petter Stordalen og Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam ankom verftet.
            (Foto: Staale Wattø)

Petter Stordalen og Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam ankom verftet.Foto: Staale Wattø

Då det var klart for spørsmål frå salen, blei dei sunnmørske arbeidarane smått tilbakehaldne, men etter at Stordalen hadde lokka med ein gratis weekend på hotell, fekk han eit spørsmål.

– Blir det meir enn fire skip, ville ein vite.

Hurtigruten har som kjent to ekspedisjonsskip under bygging ved verftet, og har opsjon på to skip til.

Bildeserie: Sjå teikningar av dei ny Hurtigruten-skipa

Skjeldam svarte at han håpa på at Hurtigruten ville bygge «mange fleire skip» ved Kleven, og peika på at mindre cruiseskip var ein sterkt veksande marknad. 

Eig kring 40 prosent

Stordalen og Skjeldam representerer aksjonærgrupperinga som no kontrollerer kring 40 prosent av aksjane i det tidlegare familieeigde konsernet.

Kleven er i full gang med å bygge dei nye ekspedisjonsskipa til Hurtigruten -  MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen - og Stordalen var i fyr og flamme over det han hadde sett i «robothallen» der skipa blir bygd.

 Skipa blir dei første av denne typen som får hybrid framdriftsmaskineri.

Masteroppgåve om automatisering av industrien:

Kva skjer når robotar tek over?

Når italienske kooperativ robotiserer, seier dei ikkje opp folk. I staden trener dei opp tilsette til å stige i gradane.


Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Petter Stordalen og Kjersti Kleven på Kleven måndag. 
            (Foto: Staale Wattø)

Petter Stordalen og Kjersti Kleven på Kleven måndag. Foto: Staale Wattø

Petter Stordalen lyfta stemninga i møtet med dei tilsette i kantina.
            (Foto: Staale Wattø)

Petter Stordalen lyfta stemninga i møtet med dei tilsette i kantina.Foto: Staale Wattø

Leses nå
 

Forsiden nå:

AaFK nærmer seg en løsning:

– Skal ha ny trener før nyttår

Siste jul i Volsdalstunet:

Historisk eiendom legges ut for salg

Kristtorn fra egen hage pynter tram og stue i Volsdalstunet. Etter å ha vært i familiens eie i flere hundre år pynter Mia og Ivar M. Voldsdal til sin siste jul i tunet. På nyåret legges den historiske eiendommen ut for salg.