Forretningsmannen har kjøpt seg inn i eit verft som byggjer det som blir omtala som verdas mest miljøvennlege cruiseskip. Samstundes har dei allereie levert to luksusyachter til milliardæren Graeme Hart.

– Har du tenkt over at dette kan vere ei gylden anledning til å skaffe seg verdas mest miljøvennlege yacht?

– Nei, det ville eg sett på som ei dyr unnskyldning for å investere, svarar han etter ein god latter.

– Det er viktigare for meg kva vi gjer med Hurtigruten, enn kva eg gjer med mine private båtar. Eg har ein båt som ikkje er Gunhild (kona, journ. anm.) sin favoritt. Men eg er frå Porsgrunn og det er som med bilar – eg er glad i slikt, seier Stordalen.

– Men det kjem elektriske alternativ som er bra no, legg han til.

Miljøkritikk

Investorens interesse for raske farkostar – både til lands og på vatnet – er mykje omtala.

Om ein googler «Petter Stordalen» og «båt», kjem det opp fleire kritiske artiklar om hans private båtar. På ei båtmesse i 2012 stilte han ut sin 44 fot klassiske Riva Riavarama, som ifølgje VG har to dieselmotorar med til saman 1600 hestar.

Det har hausta kritikk frå miljøorganisasjonar for at han ikkje tek like miljøvennlege val på privat-en, som han gjer i forretningslivet.

(saka held fram under)

– Eigarar bør vere opne

Å møte dei tilsette for «opa scene» slik han gjorde måndag, meiner han er heilt naturleg.

– Eg har alltid sagt at eigarar bør vere heilt transparente, og fortelje korleis dei tenkjer og svare på spørsmål så ærleg som dei berre kan, seier han.

Investoren som har tent seg søkkrik på hotelldrift, trekk fram filosofien i Choice-kjeda og at det handlar om «people, planet og profit – i den rekkefølgja».

– Du kan lese om alt vi gjer; CO2-fotavtrykket vårt, avfallshandtering, kjemikaliehandtering og korleis vi byggjer hotella våre. Alt saman!