Selskapet har nyleg lagt 100 millionar på bordet for å sikre seg to subseaskip frå reiarlaget Forland , og varsla at dei har planar om å bemanne opp. Det fekk tydeleg mange med seg og tek no kontakt.

– Det er veldig kjekt at så mange ser på oss som ein attraktiv arbeidsgjevar, seier administrerande direktør Arild Myrvoll, som har gitt opp å telje alle saman.

– Eg veit ikkje kor mange, men det har vore bra påtrykk med alt frå spesifikke stillingar, til mulege stillingar og generelle søknadar. Vi klarer ikkje svare alle fortløpande. Men når det gjeld sjøfolk må vi bruke litt meir tid før vi treng fleire. Først treng vi å sette administrasjonen, seier Myrvoll til smp.no.

På si Facebook-side opplyser reiarlaget at dei ikkje har ledige stillingar per no, men at ein kan ta kontakt for å registrere cv-en.

Sjøfolk mister jobbane

Skipet Forland Inspector har kontrakt fram til neste sommar, medan Forland Saltire truleg blir lagt i opplag i Hellesylt over vinteren. Mannskapet på skipa er leigd inn frå Kristiansand-baserte OSM, og sjøfolka på Saltire-skipet mister jobbane sine.

– Litt lengre ned i vegen vil vi trenge sjøfolk igjen, og vi har ambisjonar om å vekse – så vi reknar med at det blir fleire skip enn vi har no, seier Myrvoll.

Etter at Åge Remøy og partnarane tidlegare i år nytta 60 millionar på å sikre seg kontroll med Vestland Offshore, får no Rem Maritime seks skip i flåten.

Treng grønt lys

På førehand skal minst 50 prosent av långivarane ha vore positive til kriseplanen, og ein treng to tredelar fleirtal for å få gjennomslag. Det vil sikre finansiering for det eine skipet, Forland Saltire. Det er allereie ein avtale på plass med bankfinansiering av det nyaste skipet Forland Inspector.