Reiarlaget Fjord1 skal møte norske og utanlandske investorar i eit forsøk på å låne ein milliard kroner, ifølgje Nett.no.

Selskapet vurderer å utstede eit usikra obligasjonslån og arrangerer investormøter frå 6. november, ifølgje ei børsmelding.

Fjord1 har allereie lagt inn bestillingar  på fleire nye ferjer og skal truleg bygge fleire.

– Det er ein del av ein totalfinansieringspakke. Planen er å låne inntil ein milliard kroner, seier konsernsjef Dagfinn Neteland til Nett.no.