(Vikebladet Vestposten): Vikebladet Vestposten møtte ein djupt konsentrert Bjørn Tunheim i ein eigen del av fabrikken til Pelagia Liavåg. Der testar han nøye ut rogn som kjem frå nordsjøsild. Eit parti som har vore nedfrose, men som no skal sjåast på grundig. For i desse vesle rognkorna ligg det potensielt store verdiar. Kiloprisen varierer, slik som alt anna av prisar i bransjen, men med ein pris på rundt 50 kroner for kiloen kan det potensielt bli ganske lukrativt.

– Dette er heilt klart eit satsingsområde for oss, seier Tunheim.

Sushi og omega-3

Bjørn har kategorisert dei ulike prøvene med tanke på kor godt dei oppfyller ulike kriterium.

– Det går til dømes på smak, tyggemotstand, reinleik og farge, seier han.

Bjørn er Pelagia-konsernet sin eigen rognekspert, og har spesialisert seg på å sile ut den beste rogna.

– Den rogna eg jobbar med akkurat no skal nyttast til sushi. Denne rogna går til Sør-Korea, Tyskland og Japan, og er av det meir eksklusive ein kan finne.

At den aller finaste rogna går til sushi betyr ikkje at resten blir kasta. Fokuset er stort på at mest mogleg av fisken skal nyttast.

– Den rogna som ikkje blir nytta til sushi er ikkje dårleg, på nokon måte. Men ho er ikkje like langt komen i modningsprosessen. Den kan likevel nyttast til mykje. No får vi mellom anna besøk frå Ørsta-baserte Arctic Nutrition, som skal få råvarer frå oss. Dei vidareforedlar råvarene til kosttilskot. Silderogna er mellom anna rik på Omega-3, seier Tunheim.

Så fersk som mogleg

I slutten av januar er silda på rette plassen i forhold til fangst, og rogna har den beste kvaliteten. Silda står då på Buagrunnen, eit svært viktig gyteområde for norsk vårgytande sild, like utanfor romsdalskysten.

– Det er aller best å fangste når silda står like sør for Buagrunnen, rett før den gyter, seier Bjørn Tunheim.

– Det er eit veldig spanande produkt, seier fabrikksjef Rune Hoddevik.

Som også fortel at eit mål er å få tak i lodderogn i vinter.

– Vi satsar på å produsere så mykje vi kan, så lenge vi greier. Dette er ferskvare, og det er ingen som er nærmare ferskvara enn vi, seier Hoddevik.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten