(Vikebladet Vestposten): – Vi er jo ei sesongbasert verksemd. Sesongane varierer frå år til år, men forhåpentlegvis får vi litt meir å gjere på det jamne framover, når vi kjem oss skikkeleg i gang. Men det er gode tider no, seier fabrikksjef Rune Hoddevik.

Pelagia Liavåg er ei av hjørnesteinsverksemdene i Hjørungavåg. Når produksjonen går for fullt er det totalt 60 tilsette i sving ved anlegget. Kor mange båtar som kjem innom anlegget i løpet av ei arbeidsveke varierer også.

– I snitt har vi mellom tre og fire båtar innom i løpet av ei veke, og det er ei bra mengd fisk det er snakk om, seier Hoddevik.

Norsk ringnotmakrell er det så å seie stopp på for i år, så no er det meir utanlandsk trålarmakrell som kjem inn.

– Der ligg framleis nokre norske båtar borte ved Shetland som ikkje har klart å ta opp resten av kvoten sin enno, men det dreiar over mot utanlandsk no. Dei fiskar på ein litt annan måte enn nordmenn gjer, då dei tek med seg ganske store volum. Ein båt som leverte her ein dag hadde med seg 1.800 tonn, seier Hoddevik.

Båten som lossa makrell då Vikebladet Vestposten var innom anlegget før helga, skotske Christina S, hadde med seg 1.280 tonn makrell. Denne fisken blei tatt opp ved Fair Isle, ei lita øy som ligg like sør for Shetland.

Kan bli heilårsdrift

Det har nyleg vore gjort store investeringar knytt til anlegget i Liavåg. Pelagia eig også no 100 prosent av Hareid Fryseri på Alvestadkaia i Hareid sentrum. No kan det neste bli at verksemda får drive på heilårsbasis.

– Vi er berre ei avdeling i ei større gruppe. Men ei moglegheit som har blitt diskutert i konsernet er å få opp anlegg som kan drive heile året. Anlegg der ein tinar opp og fileterer makrell til Asia-marknaden. Ein kan såleis ha frysevarer på lager, tine opp, og køyre drift heile året gjennom. Det føregår no eit pilotprosjekt i Selje med eit tidsperspektiv på rundt to år, der ein ser på moglegheita for å få til nettopp ei slik løysing, seier Rune Hoddevik og legg til:

– Det blir nok tatt ei avgjerd når ein ser om dette fungerer i praksis. Ein bøyg ein må kome seg forbi er kostnadsnivået. Det er til dømes slik at all makrellen japanarane kjøper av oss i dag, går i konteinarar til Kina, der den blir foredla vidare. Her har vi mykje å hente, og det handlar om å automatisere mest mogleg, for kunne konkurrere. Pelagia-konsernet har eit mål om å bevare og gjere meir med produktet heime, før det blir sendt til kundane.

– Positiv til framtida

Pelagia har som sagt satsa mykje på anlegget i Liavågen, og fabrikksjefen har trua på ei god tid framover for verksemda.

– Det er veldig kjekt at konsernet satsar på oss. Vi har ei stor og fin tomt her i Liavåg, med moglegheit til å utvide om det blir naudsynt, og vi ligg dessutan midt i smørauget med tanke på dei ulike kommunikasjonsvegane. Eg er positiv til framtida, seier Hoddevik.

Dersom det blir heilårsdrift ved anlegget, blir det ikkje full bemanning året gjennom, men heller rundt 15–20 tilsette i aksjon i mellomperiodane.

– Det vil i så tilfelle bli ein fabrikk som vil vere i drift samstundes som fabrikken for sesongdrift er i gang, men også i mellomtida.

Rundt 30.000 tonn fisk har passert gjennom anlegget så langt i år.

– Vi tok også inn lodde i haust, noko vi også skal gjere i januar og februar. Dette gjorde vi også i fjor. Det forlengjer sesongen og blir ein bonus for oss. Alt i alt er vi godt nøgde med året så langt, og ikkje minst utsiktene framover, seier Rune Hoddevik til slutt.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten