Ifølgje ei pressemelding frå reiarlaget dreier det seg om eit skip med X-Bow-design – med opsjon på ytterlegare to fartøy. Skipa blir utstyrt for å segle i polare strøk. Samme meldinga blei kort tid etterpå lagt ut på Ulstein Group sine heimesider.

– Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group i ei pressemelding som blei sendt ut då seansen starta.

- No kan vi endeleg senke skuldrane

Tillitsvald og verftsveteran Jon Hatløy seier seg ekstremt glad for den innovative skipskontrakten som no er hala i land.

- No senkar vi skuldrane inn i julestria og åra som kjem, seier han til Sunnmørsposten.

Administrerande direktør Kristian Sætre seier at det har vore svært vanskeleg å halde på løyndomen om kontrakten. Han ser det som eit definitivt gjennombrot i ein helt ny spanande markand.

Del av National Geographic-flåte

I meldinga går det ikkje fram kor store skipa er, men dei skal vere utstyrt med 69 romslege suiter og mellom anna ha spa, yogarom, restaurant og utandørs bistro og grillområde.

– Dette vert eit toppmoderne fartøy, og vi er veldig glade for å jobbe i lag med Ulstein og deira team av dyktige ingeniørar og designarar når vi no utvidar flåten vår. Det nye skipet blir sentralt for vår langsiktige vekst, og vil bli verdas mest ekstraordinære ekspedisjonsskip innan ei rekke område, seier Sven Lindblad, som er konsernsjef i Lindblad.

Ulstein Group: Stakar ut kursen for nye 100 år

Frå venstre: Administrerande direktør Kristian Sætre, styreleiar Tore Ulstein og tillitsvald Jon Hatløy i Ulstein-gruppa. Foto: Knut Arne Aarset