Hurtigruteskipet «Richard With» med anløp på Urke i Hjørundfjorden.
            (Foto: Knut Arne Aarset)

Hurtigruteskipet «Richard With» med anløp på Urke i Hjørundfjorden.Foto: Knut Arne Aarset

Sævik er ute av «Richard With»

Per Sævik sel seg heilt ut av hurtigruteskipet «Richard With».

Sævik kjøpte seg inn i skipet i 2002, den gong reiarlaget OVDS var eit av tre reiarlag som dreiv hurtigruta. Sidan har Sævik gradvis selt seg ut.

Kjøpar er selskapet Hurtigruten AS, melder Hegnar Online. Selskapet kjøper tilbake både«Richard With» og «Nordlys».

Sævik har tidlegare sagt at han er i tenkeboksen om anbod når hurtigruta frå 2021 igjen kan bli delt mellom fleire reiarlag.


Color Line er interessert i hurtigruta

– Color Line har signalisert at vi er interessert, seier Color Line sin kommunikasjonsdirektør Helge Otto Mathisen til Skipsrevyen.

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå