Reiarlaget Island Offshore må igjen permittere sjøfolk fordi tre skip skal i vinteropplag, melder NRK Møre og Romsdal.

Administrerande direktør Håvard Ulstein seier 200 tilsette blir permitterte fordi skipa ikkje har jobb vinterstid – slik situasjonen har vore dei siste åra.

Minst 1700 færre tilsette på Sunnmøre: Éin av tre har mista jobben (for abonnentar)

Reiarlaget frå Ulsteinvik la nyleg fram resultat for 3. kvartal som viser eit resultat før skatt på 30 millionar frå ein omsetnad på 510 millionar.

Så langt i år har selskapet har inntekter på drygt 1,2 milliardar – om lag 300 millionar lågare enn i fjor. Resultatet før skatt so langt for året, er på 41 millionar kroner i pluss.

I kvartalsrapporten kjem det fram at reiarlaget framleis ikkje har fått på plass den nye kriseplanen som skal halde dei flytande økonomisk dei neste åra. Selskapet opplyste tidleg i haust at dei hadde ein prinsipiell einigheit med dei viktigaste kreditorane om ein meir langsiktig finansiering.

Les kvartalsrapporten her (ekstern lenke)