Det kjem fram i eit dokument som IntraFish har fått innsyn i.

Hendinga skjedde frå fredag 13. oktober om ettermiddagen til morgonen dagen etter. Totalt døydde 734.499 smolt, ifølgje tal som Marine Harvest har gitt Mattilsynet.

Den sjøklare smolten var kontrollert to dagar før og viste då ingen teikn til sjukdom, opplyser Marine Harvest.

– Vi samarbeider framleis med fleire laboratorium og forskingsmiljø for å finne årsaka, seier kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland i Marine Harvest til IntraFish.

Anlegget leverer smolt opp mot 270 gram. Her kan du sjå ein av Sunnmørspostens reportasjar frå anlegget.

Les også: Steinsvika har fått eit av verdas største settefiskanlegg