Det er Wagenborg Offshore som har leigd skipet for å støtte NAM (Nederlandse Aardolie Maatschappij) og Shell UK i deira offshoreoperasjoner i søre delen av Nordsjøen. Skipet vil bli utstyrt med ei såkalla walk-to-work gangbru, og skal arbeide som eit beredskaps- og redningsfartøy. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Skipet har vorte malt om i Wagenborg sine fargar ved Ulstein Verft, og vil gå frå Ulsteinvik til Nederland i starten av desember.