Måndag var det stor glede på Kleven i Ulstein, då tilsette blei bedt inn til dobbel kakefeiring.

Konsernet sikra seg i førre veke kontrakt på bygging av ein diger luksusyacht og måndag kunne dei fortelje at Kleven også har sikra seg ein intensjonsavtale på eit rekordstort skip til verdas største diamantselskap.

Det er godt nytt for langt fleire enn dei drygt 700 fast tilsette i Kleven.

– Slike kontraktar gir enorme ringverknader. Berekningar viser at meir enn fem gonger talet på våre sysselsette blir sikra regionalt, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

Sysselsett minst 3000

Talet Rasmussen viser til er frå ein rapport frå Møreforsking som i 2011 rekna ut at arbeidet til kvar verftsarbeidar, gav jobb til 5,4 tilsette andre stader. Sjølv eit forsiktig anslag betyr at Kleven-kontraktane gir arbeid til minst 3000 menneske.

Ingeniørar og designarar på Kleven er allereie i gong med den det tekniske arbeidet på yachten. Her blir all jobben - fram til sparkel og måling, i tillegg til luksusinteriøret i eigardelar – gjort ved Kleven.

– Alt stålet skal byggjast her på Kleven, så skal det flyttast til eit verft i Hamburg for slutturusting, seier Rasmussen.

Rekordstort – og dyrt

Ei av bedriftene som allereie er i gong med arbeidet på diamantskipet, er Marin Teknikk i Herøy. Dei skal levere design på skipet og trass i at det «berre» er ein intensjonsavtale, har dei betalt for jobben dei gjer med skipet det neste halvåret.

Administrerande direktør Svein-Rune Gjerde seier arbeidet betyr mykje og sikrar arbeidsplassane etter at fjoråret enda omtrent i null i rekneskapane.

Les også: Marin Teknikk har fleire yachtjobbar på handa (for abonnentar)

Kake Kleven-tilsette feira bygging av luksusyacht og intensjonsavtale på eit nytt diamantskip i går. Foto: Marius Rosbach

Både for designarane og Kleven er diamantskipet med sine 176 meter, mellom dei aller største dei har jobba med, sjølv om verftssjef Rasmussen tok atterhald om at Kleven kunne ha bygd noko tilsvarande for fleire tiår sidan.

Også prisen er truleg i øvste sjiktet for skipsbyggjarane, ettersom det langt mindre diamantskipet dei leverte til same kunde i 2016, kosta kring 1,3 milliardar.

For tidleg med friskmelding

Trass i underskott og dårleg inntening dei siste åra, har Kleven klart å halde dei aller fleste i jobb den tøffe tida. Per i dag er det berre kring ti personar som er permitterte, og i hovudsak er det full køyr med bygging av det første skipet til Hurtigruten.

– For min del har det absolutt viktigaste vore å skape grunnlag for flest mogleg arbeidsplassar. Og samstundes har vi utvikla Kleven til å bli eit selskap med eit internasjonalt fotavtrykk med kundar over heile verda, seier Rasmussen.

Tek form Det første skjipet til Hurtigruten skal leverast til sommaren og er for alvor i ferd med å ta form, og er det som sysselsett flest folk ved Kleven for tida. Foto: Marius Rosbach

Trass i ei fleire nye kontraktar den siste tida, meiner Rasmussen det er for tidleg å friskmelde verftsnæringa og han peiker på at bildet er nyansert.

Les også: Verftene er bekymra for ordrevakuum

Mange av dei mindre verfta som ikkje har bygd for offshorenæringa, har vore skåna for nedturen – og tener godt med pengar. Men dei større verfta har gått med underskott.

– Bra stemning

Olav Høydalsvik som er tillitsvald i Fellesforbundet, seier dei tilsette har meir trua på framtida: – Det seiast at vi har arbeid ut i 2020, så det er bra stemning no. Så får vi håpe at vi også får tene pengar igjen, seier han.

Tillitsvald Olav Høydalsvik gratulerer Kleven-sjefen med nye kontrakter. Foto: Marius Rosbach

Høydalsvik rosar leiinga for å legge vekt på å halde folk i arbeid, og peiker på at mange er avhengige av at Kleven har arbeid.

– Samstundes er litt av utfordringa at det er mykje nytt. Då er det meir vanskeleg å sjå på førehand kva resultatet blir, påpeiker han.

Foto: Marius Rosbach