Før helga opna Søre Sunnmøre tingrett konkurs i eitt av Edgar Sandanger sine selskap - Cinvest – i Gjerdsvika. Fiskeribedrifta Sunsea slapp i siste lita unna trugselen om å ende på same vis , og eigaren meiner han også skal klare å berge investeringsselskapet.

Advokat Thore Heggen er sett opp som bustyrar for konkursbuet for Cinvest og fristen for å melde inn krav  er sett til 5. januar neste år. Heggen opplyser at bakgrunnen for konkursopninga er eit krav frå DnB Bank på snaue 450.000 kroner. Utover det har førebels ikkje bustyraren særleg meir med opplysningar i saka.

Trur på opprydding

Dagleg leiar Edgar Sandanger  seier til smp.no at han reknar med å klare å rydde opp i krava mot investeringsselskapet – og at han såleis vil klare å unngå konkurs.

Konkursopning i fiskeribedrifta Sunsea i Gjerdsvika stod også oppført ved Søre Sunnmøre tingrett tysdag, men denne saka blei trekt.

– Vi vart einige med dei som ville bruke dette som eit pressmiddel, og det er inngått ein avtale mellom partane, seier Sandanger til smp.no.

Bedrifta som driv med slakting og produksjon av fiskevarer, har ifølgje opplysningar frå Brønnøysundregistera 53 tilsette. Ifølgje Sandanger får konkursopninga i Cinvest ingen følgjer for drifta ved Sunsea.

Underskott

Inntektene for Cinvest viser inntekter på mellom 151 og 48 millionar kroner i åra 2011 til 2014 då selskapet opererte med konsernrekneskap. Samla viser dei same rekneskapa underskott før skatt på til saman kring 23 millionar i desse år. Samstundes ligg det eigenkapital i selskapet som er oppført med ein verdi på nær seks millionar kroner.

Investeringsselskapet er vidare største eigar i Sunsea med 57 prosent av aksjane. Den andre store eigaren i fiskeribedrifta er eit anna selskap der Sandanger er dagleg leiar – Sunnmøre Eiendom Moldtu.

I hardt ver

Tidligare i år var Sunsea i hardt ver etter at dei mista produksjonsløyve av Mattilsynet i august. Dette kom på plass att og Sandanger seier til smp.no at det no er produksjon ved bedrifta.

Bakgrunnen for reaksjonen frå Mattilsynet var funn ved eit tilsyn i sommar. Dei påpeika då at dei fleire gonger tidlegare har avdekka manglar ved bedrifta.

Sandanger opplyste i april at bedrifta i løpet av 2015 og 2016 har investert betydelege midlar i systemet som handsamar avløpsvatn, slik at dei skulle få ein produksjon som fungerte etter forskriftene.