Prisen blei delt ut under Sparebank 1 SMN sin julelunsj. Drabløs AS held på med sal og service innan emballasje og pakkemaskiner. Selskapet blei etablert i 1987, held til i Kalvøyvegen i Ålesund og sysselsett åtte tilsette.

Mange bein å stå på

– Det er ei stor ære og eg synest det er veldig bra at vi får denne prisen, seier Drabløs til Sunnmørsposten.

Drabløs innrømmer at han ikkje er vand med denne type merksemd, men seier at prisen betyr mykje for dei som bedrift.

– Vi likar i utgangspunktet å jobbe i det stille, så det er litt uvand for oss dette, seier Drabløs lattermild.

Han vektlegg at prisen er viktig både for dei tilsette og leiinga. Drabløs trur den mangeårige suksessen til bedrifta skuldast årevis med hardt arbeid.

– Vi har halde på i mange år og konsentrert oss om det vi trur vi kan. I tillegg har vi mange forskjellige bein å stå på, seier han.

Vekst på minst 20 prosent

Banksjefen seier at nålauget for årets pris har vore trongt og at det krev ein vekst på minst 20 prosent dei tre siste åra og positivt resultat. I 2016 var det heile 14 handelsbedrifter på Sunnmøre som innfridde desse krava. Prisen baserer seg på reint objektive kriterier som bruker innleverte rekneskap i Brønnøysundregistrene som fasit. Hurlen trur det er fleire årsaker til at Drabløs gjekk av med sigeren.

Ove Harald Drabløs fekk prisen av banksjef Jan Rune Hurlen. Foto: Silje Bjerknes

– Dei er ei bedrift som har halde på lenge og vist evne til å omstille seg. Dermed møter dei marknaden på ein måte som gjer at dei vinn, seier banksjef Jan Rune Hurlen.

Positiv utvikling

Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom i Sparebank1 Markets, deltok også på den tradisjonelle julelunsjen fredag.  Der delte han sine tankar om konjunkturbarometeret for Møre og Romsdal. Han vektlegg at det har vore ei utfordring at så mykje av aktiviteten her i fylket har vore knytt til oljebransjen. Likevel meiner han at pila no byrjar å peike oppover igjen.

– Det er ikkje heilt bra enno, men det blir ikkje mykje verre. Det vi har av data viser at regionen var på veg opp igjen før oljeinvesteringane trefte botnen, seier Andreassen.

Sjefsøkonomen forklarar dette med at andre bransjar har tatt over for oljeindustrien. I tillegg har svak kronekurs, lite arbeidsinnvandring og god tilgang til arbeidskraft vore ei god hjelp.

– Det har for eksempel vore gode tider innanfor oppdrett, havbruk,  turisme og i verftsindustrien som ikkje har vore knytt til olje.

Han meiner at utsiktene for 2018 er gode.

– Bedriftene i Møre og Romsdal fortel om betre aktivitet og det er ingen teikn til store nedbemanningar eller oppseiingar, seier Andreassen.

Han vektlegg likevel at den største uvissa neste år er knytt til bustadutviklinga på landsbasis.

– Bygginga av nye bustader har ført til mykje økonomisk vekst dei siste åra, men no bygger vi veldig mange bustader til for høg pris. Bustadprisane er på veg ned samtidig som bankane er strengare med å gi lån. Dermed kan det vere ei viss fare for at utviklinga i denne bransjen stoppar opp.

Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom i Sparebank1 Markets.