Drivarane av bryggeriet opplyste tidleg i november at dei trong meir kapital. – Vi har dessverre opplevd sviktande sal og vi er no i den situasjonen at vi er avhengig av ekstern kapital for å kunne halde fram med å produsere kvalitetsøl på ytre Sunnmøre, skreiv dei på bryggeriet si facebook-side.

– Vi treng rundt ein million kroner, sa drivarane og grunnleggjarane Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad til Vikebladet Vestposten for ein månad sidan.

Sviktande sal

– Det har vore eit veldig tungt år. Det er veldig mange bryggeri som slit, og det er ein beintøff marknad, seier Øyvind Grimstad Gryt til Sunnmørsposten. I tillegg har dei hatt produksjonsuhell tidlegare i år med for mykje futt i ølet, opplyser dei.

Bryggeriet endra namn til Consulting AS to dagar før konkursen.

Etter det Sunnmørsposten har grunn til å tru, er namneendringa gjort for å beskytte merkevarenamnet Grim & Gryt for framtida.

Bryggeriet vart etablert i 2014. I fjor dobla dei produksjonen etter eit suksessrikt år. I januar i fjor vann Grim & Gryt prisen for beste tradisjonsøl i den nasjonale kåringa til «Det Norske Måltid».