Volda Maskin blei onsdag kåra til årets lærebedrift i anleggsbransjen, i følgje fagtidsskriftet Våre Veger.

Bedrifta fekk prisen mellom anna fordi dei tenker langsiktig om fagopplæring og blei delt ut under Artic Entrepreneur. Volda Maskin har som mål at ein av ti som jobbar i bedrifta skal vere lærlingar og dei siste tre åra har alle av lærlingane deira bestått fagbrevet. Volda-bedrifta var ein av seks nominerte til kåringa til Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

Prisen blei delt ut av den nye utdanningsministaren Jan Tore Sanner som fortalde at han blei overraska over å sjå at anleggsbransjen har hatt ein vekst på heile 70 prosent dei siste seks åra.