188 selskap gjekk konkurs i Møre og Romsdal løpet av fjoråret, viser tal frå Brønnøysundregistera. Dette er det lågaste talet som er registrert sidan 2013, sjølv om endringane ikkje er store.

I 2016 og 2015 blei det registrert konkursar i høvesvis 189 og 210 bedrifter. I 2014 blei det registert 201 konkursar, medan det i 2013 var registrert 232 konkursar.

I heile landet gjekk 4516 selskap konkurs i fjor – som er om lag på nivå med 2016. Lenge låg tala for 2017 betydeleg under tala frå året i førevegen, men auka sterkt mot slutten av året.

Lågare arbeidsløyse

Samstundes gjekk talet på arbeidslause kraftig ned i løpet av 2017 i Møre og Romsdal. Ein oversikt frå Nav viser at arbeidsløysa gjekk ned med heile 1019 personar.

Ifølgje fylkesdirektør Stein Veland i Møre og Romsdal var dette den kraftigaste nedgangen på meir enn ti år.

I kommuane som har slitt med høgast arbeidsløyse - som Ulstein, Herøy og Haram - gjekk tala ned mot slutten av året.  Hareid skilde seg ut og hadde ei registrert arbeidsløyse på 5,4 prosent – høgast i fylket.