Sunnmøre tingrett opna denne veka konkurs i selskapet Ytrehorn Sko i Fosnavåg. Det betyr at det ikkje er fleire reine skobutikkar igjen i sentrum av den vesle kystbyen.

Aksjeselskapet blei stifta i 1989, men den familieeigde skobutikken har vore i drift i fleire generasjonar. Denne veka har det vore ein lapp på døra som fortel at butikken er stengt inntil vidare.

Bustyrar Nina Prestegarden Vatne opplyser at det etter hennar opplysningar er tre tilsette som dermed mister jobbane sine – og moglegvis nokre ekstrahjelper.

Advokaten er i ein innleiande fase av bubehandlinga der ho jobbar med å skaffe seg oversikt. Førebels ser det ut til at årsaka til konkursen, er låg omsetnad over tid, ifølgje Vatne.

Dei siste offentlege rekneskapa viser at omsetnaden i 2016 enda under to millionar kroner og overskottet var lite. Inntektene bikka i 2011 under tre millionar kroner, og har gått nedover sidan. Fleire av åra har resultatet også enda med underskott.

Sunnmørsposten har ikkje fått leiinga i selskapet til å kommentere saka.