Kjempekonsernet TechnipFMC har kjøpt seg opp i Island Offshore-selskap som har utvikla nyskapande måtar å drive brønnintervensjon på.

I tillegg til at avtalen gir pengar i kassa til det Ulsteinvik-baserte konsernet, har sunnmøringane tru på at samarbeidet vil gi selskapet meir arbeid med å utvinne olje frå brønnar på havbotnen.

– Vi ser det som ei fordel med eit meir bindande samarbeid og trur merkenamnet til TechnipFMC vil gagne oss ute i verda, seier Island Offshore-direktør Håvard Ulstein til Sunnmørsposten.

Les også: Skal samarbeide om brønnintervensjon

Nyskapande løysing

Mellom tenestene selskapet tilbyr, er kveilerørteknologien som Island Offshore vann ein pris for i 2016.

Enkelt sagt inneberer dette at meir av arbeidet med oljebrønnar på havbotnen, kan gjerast frå skip, framfor flyttbare riggar. Denne delen av marknaden har gått tregt dei siste åra, fordi oljeselskapa har hatt riggar på kontraktar, som dei må betale for uansett .

– Det er i ferd med å endre seg fordi riggane framover i større grad vil bli nytta til boring. Det vil styrke vår posisjon, forklarar Ulstein.

(saka held fram under)

Billigare og raskare

Å nytte skip er både billigare og raskare enn å nytte riggar i arbeidet. Vedlikehald og operasjonar som gjer at ein kan utvinne meir olje frå brønnane, er det mest interessante området, ifølgje Ulstein. Men også såkalla plugging – eller stenging – av brønnar er aktuelle oppdrag.

Sju års arbeid bak prisbelønna metode: Nyskaping kan spare store summar (for abonnentar)

80 tilsette i Stavanger

Som eit ledd i avtalen har TechnipFMC kjøpt majoriteten av aksjane i selskapet Island Offshore Subsea, der Ulsteinvik-konsernet tidlegare satt som einaste eigar. Partane opplyser ikkje kva Island Offshore har fått betalt for aksjane.

Selskapet har adresse i Stavanger og har kring 80 tilsette, som med dette får ny eigar. Selskapet vil få ny profil og tilby tenester innan brønnintervensjon for alle  marknader verda over. Island Offshore har samarbeida med FMC sidan 2005, og i fjor gjekk selskapet saman med Technip-konsernet.