Island Offshore og TechnipFMC skal samarbeide om lett brønnintervensjon

Island Offshore og TechnipFMC har signert ein strategisk samarbeidsavtale for leveransar av lett brønnintervensjonstenester (LWI) verda over.

AVTALEN I BOKS: Styreformann i Island Offshore-gruppa Morten Ulstein (t.v) saman med Odd Strømsnes, Vice President of Offshore Integrated Services hjå TechnipFMC etter signering av avtalen.  Foto: Island Offshore

Næringsliv

TechnipFMC kjøper samtidig majoriteten av aksjane i Island Offshore Subsea AS (IOSS), eit heilleigd dotterselskap av Island Offshore Management AS, heiter det i pressemelding frå selskapa seint torsdag kveld.

IOSS held til i Stavanger, og leverer LWI prosjektledelse og operasjon, engineeringstenester for plugging av brønnar, kveilerørsteknologi og brønnkompletteringsoperasjonar. Omlag 80 personar har sitt daglege virke i denne organisasjonen.


Island Offshore-direktør Håvard Ulstein:

- Kanskje like greitt at det gjekk slik

Når Island Offshore-selskapet Island Navigator I KS no avsluttar kontrakten med det japanske verftet, er det ei bør som har letta frå skuldrane for begge selskapa.

Samarbeidet vil styrke Island Offshores posisjon innan lett brønnintervensjon.

– Vi er no i stand til å levere komplette brønnintervensjonstenester til alle marknader globalt. Så langt har samarbeidet med Island Offshore ført til vesentleg betring i produksjonen for meir enn 300 subseabrønnar, og vi er no klare til å ta dette eit steg vidare, seier Hallvard Hasselknippe, President, Subsea Projects hjå TechnipFMC.


Island Offshore-eigarane går inn med 369 millionar

Eigarane i reiarlaget Island Offshore skal skyte inn 369 millionar kroner for å sikre en kriseløysing på økonomien i selskapet.

Odd Strømsnes, Vice President of Offshore Integrated Services hjå TechnipFMC, vil bli den nye administrerande direktøren i Island Offshore Subsea AS.