I september i fjor solgte Fosnavaag Havfiske «Nordsjøbas» til Lyng-reiarlaget i Måløy. No er erstattaren snart på plass i Fosnavåg, melder Fiskeribladet.no.

– Vi solgte «Nordsjøbas» for å fornye oss og for å få ein større og meir effektiv båtv, seier Kristin Remøy i selskapet.

– «Adenia» er ein rein pelagisk trålar. Vi skal ha same mannskapet som på forrige«Nordsjøbas», og satser på å få han i drift så fort som råd.

Den største fordelen med den nye trålaren er at alt skjer bakpå hekken. Dette blir meir effektivt og vil gi ein tryggare og enklare arbeidskvardag for mannskapet, meiner Remøy.

På fiske så snart som råd

«Adenia», som skiftar namn til «Nordsjøbas» når Fosnavaag Havfiske tek over, blei bygd i 2003, men ifølgje Remøy er trålaren i veldig god stand.

– Dei har fiska effektivt etter kvotane, og båten er nesten så god som ny, seier Remøy.

– Det blir kjempekjekt å få kome i gong att. Både reiarlag og mannskap er spente og klare til å jakte årets kvote.

Kva som blir første fangsten for den nye trålaren, er ho litt usikker på, men det blir enten lodde eller kolmule.

Og prisen for den nye trålaren? Den vil ikkje Remøy ut med.

– Vi har betalt nok, det skal eg love deg.

Skifta beite

Olav og Kristin Remøy eig saman med Beate Remøy Eggesbø 70 prosent av Fosnavaag Havfiske, gjennom selskapet Fosnavaag Holding.