(Vikebladet/Vestposten) I 2016 fekk då 65 år gamle Per Halvard Garnes beskjed om at han ikkje lenger var rekna blant arbeidsstokken i Hjørungavåg.

Året før hadde han sagt frå seg tillitsmannsvervet i FLT Formenn, men sidan han hadde lang erfaring frå tillitsmannsverket og ønskte å vere der for kollegaene sine, assisterte han under nedskjeringane som blei sett i verk i 2015.

– Dette kunne aldri ein som er tilsett i selskapet i dag ha ytra, men eg som no er pensjonist og ikkje er inne i bedrifta lenger, meiner det er på høg tid at ting kjem fram, seier Garnes.

Gradvis øydelagt

Per Halvard er som sagt tidlegare tillitsvalt og formann ved Rolls-Royce (tidlegare Odim) sitt anlegg i Hjørungavåg, og meiner arbeidsplassen han var så stolt av å vere ein del av i mange år blei gradvis øydelagt av det britiske storkonsernet.

– Rolls-Royce kjøpte opp Odim i 2012, der eg og mange andre hadde vår arbeidsplass. Allereie i 2013 fekk vi nyss om at det under eit styremøte hadde kome fram at Rolls-Royce Hjørungavåg skulle leggjast ned. Men dette fekk ikkje nokon av dei tillitsvalde vite om, på anna vis enn gjennom andre. I april 2015 gjekk selskapet i dialog med NAV, der dei fortalde at det kom til å kome oppseiingar i Hjørungavåg. Bedriftshelsetenesta fekk på same tid beskjed. Først 18. august same året fekk vi tillitsvalte informasjon om planane. HR-avdelinga vår på Nørve var med på møtet via telefon. Heile dette opplegget var eit klart brot på arbeidsmiljølova, noko eg gav klar beskjed om. 19. august var det fellesmøte i Hjørungavåg, der alle dei tilsette fekk vite om avgjerda, seier Garnes.

– Mykje uro blant arbeidarane

Som tidlegare tillitsvald og kollega får Per Halvard ofte høyre frå dagens tilsette i selskapet korleis dei opplever situasjonen.

Då leiinga i Rolls-Royce nyleg annonserte at dei ønskjer å selje marinedivisjonen, med i alt 1.600 tilsette, førte det med ein gang til spekulasjonar både i verksemda og blant folket i regionen.

Potensielle kjøparar som det blir spekulert i er alt i frå finske Wärtsila til tyske Siemens, amerikanske General Electric, kinesiske og japanske industrikonsern, svensk-sveitsiske ABB, men også norske Kongsberg.

Lærte opp vietnamesarar

Noko som Garnes meiner har vore kjent blant tilsette i Rolls-Royce Marine, men som nok ikkje så mange andre har visst om, er at det gjennom fleire år har vore ei kunnskapsutveksling mellom Rolls-Royce i Hjørungavåg og Rolls-Royce i Vietnam.

– Då fabrikken i Vietnam starta opp var det mange av våre ingeniørar som var der nede for å hjelpe dei å kome i gang. Men det meir urovekkjande var at vietnamesiske arbeidarar var på besøk ved anlegget i Hjørungavåg og studerte korleis ein jobba der, for så å ta med seg kunnskapen til Vietnam. Tilsette frå Hjørungavåg blei plukka ut for å reise til Vietnam for å dele sin kunnskap, seier Per Halvar Garnes og legg til:

– Vi har altså gjennom fleire år lært opp andre til å ta over jobbane våre. Det har vore ein absurd situasjon, for å seie det slik.

Fryktkultur

Per Halvard fortel om ei vedvarande usikkerheit i heile marinedivisjonen til Rolls-Royce i Norge, som har vore der i mange år, og at han såg det klarast frå sin ståstad i Hjørungavåg.

– Det seier sitt når toppleiaren ved anlegget i Hjørungavåg blei skifta ut fire gonger i løpet av eit og eit halvt år. Ein visste ikkje kven ein skulle snakke med. Då vi jobba i Odim var selskapet prega av openheit, ikkje «hysj-hysj» og frykt for å seie meiningane sine. Mange som har slutta dei siste åra har fortald meg det same som eg opplevde, at ein ikkje kunne seie meiningane sine, seier Garnes.

– Står for hans rekning

Rolls-Royce Marine, ved kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk, har fått høve til å svare på det Per Halvard Garnes seier.

Dette svarer Rolls-Royce:

– Ut frå det avisa formidlar til oss så kan vi berre konstatere at vi har ei anna oppfatning av både fortida og notida, så dette får stå for hans eiga rekning.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet/Vestposten