– Vi har kanskje rota vekk litt pengar i starten, seier Roger Hofseth til Per Sandberg.

– Eg blir heilt sett ut av slike som deg, seier fiskeriministeren.

Roger Hofseth driv også stort innan oppdrett, og hit til Hofseth Biocare i Midsund sender dei fiskehovud og ryggbein frå oppdrettsfisken.

Sandberg får smake på eit av dei ferdige produkta, ein rosa proteindrikk.

Halv milliard kroner

Det har kosta. Ifølgje Hofseth er det brukt nærare 500 millionar kroner til investeringar og til tap ved fabrikken i Midsund, etter at han tok over fabrikken i 2009.

Ministeren er mest opptatt av potensialet som han ser.

– Innan raudfisk blir no 91 prosent av restråstoffet utnytta, seier Sandberg.

– Men innan kvitfisk blir det kvart år kasta 170 tusen tonn. Hofseth har ambisjonar om å prosessere 20 tusen tonn årleg. Dette viser kva potensial som finst i slike fabrikkar, seier Sandberg.

Hofseth Biocare kvitt gjelda - klar for utvidelse i Midsund

Anlegget i Midsund var ferdig utbygt i fjor haust, og det går visst døgnet rundt.

– Om vi skulle levert restråstoffet som fiskeavfall, hadde vi fått rundt to kroner kiloen, seier Hofseth.

No sel dei lakseprotein for det mangedoble – og lakseolje og kalsiumpulver for kanskje enno meir.

– Om vi hadde gitt oppdrettsfisken meir marint for, kunne vi mangedobla produksjonen ut herfrå, fortel Hofseth.

Han er visst ikkje framand for enno fleire investeringar.

Oppgang: Hofseth Biocare tidoblet inntektene

Framoverlent næringsliv

Sandberg skryt av eit framoverlent næringsliv som satsar.

– Vi politikarar heng litt etter og treng å kome a jour med det som skjer ute i bedriftene, seier ministeren. Invitasjonen kom visst i eit møte på Stortinget i fjor.

– Han sa ja på sparket, og var tydeleg interessert i ingrediensindustrien. Eg sa at det er vi som har brukt mest på investeringar, fortel Hofseth.

Årsrekneskap i morgon

Rekneskapen for fjerde kvartal, og dermed heile 2017, kjem i morgon.

Og det nærmar seg visst plusstal på botnlinja, utan at Hofseth kan love overskot i år.

– Vi må tenke langsiktig. Verdiskapinga må ligge i dette landet, og det er fullt mogleg, seier Hofseth. Sandberg er einig.

– Syns du at ministeren har greie på dette feltet, då?

– Eg skal gje han masse idear, eg skal pepre han, og forklare han kva han skal gjere, svarer Roger Hofseth før dei går i eit lukka møte.

Røkke-skip

Tidlegare på dagen var Per Sandberg på besøk på Aukra Maritime. Dette er ein under-leverandørane til Kjell Inge Røkke sin nye krillbåt.

Den 130 meter lange båten skal byggjast ved Vard Brattvaag. I tillegg til ulike Vard-selskap, er det ei rekke andre lokale underleverandørar, opplyser Katrin Berntsen i Aker Biomarine:

Prosessanlegg frå Optimar, framdriftsanlegg og thrusterar frå Rolls-Royce, søkelys og flaumlys frå Luminell, mob-båt frå Mare Safety, skipsmøblar frå m.a. Ekornes, kompressorar frå Sperre og anti-rullesystem frå MRPC i Molde.

Fabrikkanlegget som stod ferdig i Midsund i fjor haust. Foto: Per Ove Stige