I rapporten for 4. kvartal i 2017 kjem det fram at styret som følje av dette har foreslått å betale ut eit utbytte på 270 millionar kroner i løpet av året. Det tilsvarar 2,7 kroner per aksje og 250 millionar blei utbetalt i 2. kvartal.

Sævik-familien som gjennom Havilafjord er største eigar i selskapet, kan dermed bokføre solid gevinst eit knapt år etter at dei sikra seg full kontroll med selskapet.

Fjord1 blei notert på Oslo børs i fjor sommar og aksjekursen har stege jamnt og trutt sidan. I juni i fjor blei aksjen omsett for drygt 30 kroner, medan den onsdag var oppe i heile 48 kroner etter resultatet kom.

Nytt rekordår

Resultatet før skatt for heile 2017 enda på 713 millionar kroner – ei auka på kring 115 millionar frå året før. Det kom som følgje av at selskapet segla inn knappe 2,8 milliardar kroner i løpet av 2017, ifølge rapporten i børsmeldinga onsdag.

Resultatet er enda betre enn 2016-resultatet som reiarlaget offentleggjorde ved starten av fjoråret.

I presentasjonen av resultatet seier leiinga seg nøgd med ein vekst i omsetnaden frå ferjedrift og turisme på 20 prosent. Samstundes aukar selskapet brutto driftsmargin til 36 prosent. Reiarlaget har ein samla gjeld på 3,2 milliardar.

Bygger tre nye ferjer i Tyrkia

I rapporten kjem det fram at reiarlaget vil legge inn bestilling på heile sju fartøy i løpet av første kvartal.

Reiarlaget opplyser samstundes at dei i løpet av kvartalet har signert kontrakt for bygging av tre ferjer ved det tyrkiske Sefine-verftet.

Selskapet har frå før ein rekkje ferjer under bygging og er inne i eit byggeprogram der det tidlegare er opplyst at reirlaget skal satse kring 3,5 milliardar på nye ferjer.

Ifølgje rapporten har Fjord1 1204 årsverk og transporterte i fjor 21,1 millionar passasjerar med sine 63 ferjer og fire passasjerbåtar.  Selskapet har hovudkontor i Florø og har no 49 prosent av ferjemarknaden i Norge.