Aldri før har Hareid-bedrifta tent meir pengar. No skal dei tilsette meir folk, skriv Vikebladet Vestposten.

– Vi har som ambisjon at selskapet skal bli større. Då satsar vi målretta på fleire område, og tilsetjingane vi gjer no er i all hovudsak eit ledd i denne satsinga. Til ei viss grad er det også erstatning for ressursar som forlèt selskapet, seier konsernsjef Øyvind Tørlen til avisa.

Jets utviklar, produserer og sel vakuum sanitærsystem. Nyleg vart selskapet seld frå Gjerdefamilien til Stokke Industri AS, og Øyvind Tørlen vart sjef.

– Jets er så mykje meir enn installasjonar av toalettsystem på skip. Vi er også inne i mange landbaserte segment, som hytter, tog, mobile løysingar, supermarknader og større bygg.