– Då er kvinner interessante. Men då er også fallhøgda større, la Ulstein til som ei forklaring på at det er mange kvinner som har måtta gå frå topp- stillingar. Ho viser til ein kronikk om dette som nyleg stod i Dagens Næringsliv.

Sjølv var ho 29 år då faren, Idar Ulstein, ringde og spurde om ho ville ta over Ulstein Verft. Dette var i 1999, i ei vanskeleg tid for verftsnæringa.

Året etter gjekk klubbformannen gjennom 30 år ut i Vikebladet og sa at Idar Ulstein måtte kome tilbake som direktør.

Mangfald styrkar botnlinja

Ulstein oppfordra unge kvinner til å satse på toppstillingar i næringslivet:

– Kom tilbake til Møre og Romsdal. Her er fantastiske moglegheiter, med internasjonale konsern der det også trengst språkkunnskap og folk som er god på mellommenneskelege relasjonar. Kva trur de kontraktsforhandlingar er? Det er viktig å lese motparten, lytte og forstå, sa Ulstein.

Mykje negativt prat

Det ho er mest redd for er mangelen på toleranse, også i næringslivet. Ho utfordra særleg foreldre til å tenke over kva dei seier så barna høyrer på.

– Det vi seier betyr så utruleg mykje. Det er summen av dei små vala som avgjer vegen vår. Eg høyrer folk seie at dette er bagatellar, men det er ikkje det.

Ho fortalde om ein studie blant studentar som viser at også ein del kvinner er negative til kvinner som leiarar.

Slepp mennene til heime

Mot slutten av foredraget utfordra ho kvinnene til å vere mentorar for kvarandre.

Ho sa også dette til kvinnene som har familie heime:

– Kva gjer det om de ser at ting er «feil» plassert på kjøkkenet – eller om han kler ungane i noko anna enn det som de ville ha gjort?

Måtte overtalast

Gründerane av den prisvinnande bedrifta AgriMare Bio fortalde at dei verkeleg måtte overtalast til å starte student-bedrift og satse.

– Eg er jo litt beskjeden og ikkje så komfortabel med å bli eksponert. Å faktisk starte ei bedrift er også eit stort ansvar, seier Emma Lovise Sunde.

I fjor vann dei andreplass i EM for studentbedrifter. For ei veke sidan vann dei Sparebanken Møre sin Teft-konkurranse og ein million kroner. Som medlem av den biomarine klynga, skal dei finne ut korleis oppdrett av børstemark i stor skala kan bli marin ingrediens i fór til oppdrettsnæringa.

Men dei grubla mykje før dei bestemte seg for å starte opp.

– Sunnmøre er den perfekte plassen å gjere det på. Her er masse kunnskap, seier dei no.

– Og kva sa Gunvor Ulstein til dykk i pausen?