Prosjektering, graving, muring og sprenging er nokre av tenestene selskapet leverer.

Volda Maskin tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid, heiter det i grunngjevinga frå regional og næringsutvalet.

Volda Maskin vart i 2017 kåra til årets lærebedrift av Arctic Entrepreneur, i konkurranse med over 2000 andre. No får dei også den høgthengande fylkesprisen Årets Bedrift.

– Dette må jo bety at vi har gjort noko rett, seier ein glad dagleg leiar i Volda Maskin, Jon Grebstad, i ei pressemelding.

Prisen blir delt ut på fylkestingssamlinga i april.