(Fjordingen:) – Vi ser oss som ferdige med dette prosjektet, etter å ha bidrege til å få Hoven Loen med Loen Skylift, restauranten og tilbodet på fjellet realisert. Målet vårt med å gå inn i prosjektet var å sikre utbygging. No går drifta så det susar. Då er det opp til andre å vidareføre eigarskapen, så skal heller Nordfjord Kjøtt vere med igjen når neste prosjekt kjem, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

Han meiner det er avgjerande viktig for vidare suksess rundt Loen Skylift at Alexandra er ein stor og kraftig eigar. På spørsmålet om kva han vil nytte den frigjevne aksjekapitalen og vinsten til, er svaret enkelt: – Investere vidare i Nordfjord Kjøtt.

Tredje største aksjonær

Nordfjord Kjøtt har vore tredje største aksjonær, med ein aksjekapital på 21,146 millionar kroner. Då Roksvåg og Richard Grov ved Hotel Alexandra signerte aksjeoverdraginga, kunne Roksvåg nøgd konstatere ein svært pen vinst.

– Forhandlingane oss i mellom resulterte i avtale om kjøp av aksjeposten til 42,5 millionar kroner. Det betyr at verdien av aksjane er dobla sidan investeringa vart gjort. Hyggeleg for Nordfjord Kjøtt, men mest av alt viser dette kva verdi alle aksjonærane sit på, poengterer hotelldirektør Richard Grov.

Ved å kjøpe Nordfjord Kjøtt sine aksjar, styrkar Alexandra posisjonen sin som desidert største eigar i selskapet.

– Hotel Alexandra vil etter dette ha ein eigardel i selskapet på 45 prosent. Deretter følgjer Garaventa AG med 20 prosent, Stryn kommune med 11,4 prosent og HS Bygg AS med 4,7 prosent. Det er eit stort løft for Hotel Alexandra å kjøpe ut Nordfjord Kjøtt, men vi vurderer det som svært viktig å ha kontrollen over ein så stor andel av aksjane, seier Grov.

– Ikkje mogleg utan NK

Han er tydeleg på at Nordfjord Kjøtt ved å gå inn med over 21 millionar kroner i aksjekapital var ein særs viktig bidragsytar for å få Loen Skylift realisert.

– Det hadde aldri vore mogleg å byggje Loen Skylift utan Nordfjord Kjøtt. Kva betydning deira deltaking har hatt, syner igjen når aksjekapitalen i Hoven Loen med dette er prisa til ca 300 millionar kroner, seier Grov. Han legg til at selskapet vil bli døypt om til Loen Skylift ved første generalforsamling.