Les intervju med Statoil-sjefen på smp.no seinare

Ørstingen – eller vartdalingen – som han helst vil kallast, var innom ulike tema som det omdiskuterte namneskifte, satsinga på fornybar energi, digitalisering og sjølvsagt oljefallet.

Ein av dei store utfordringane både for oljeselskapa og leverandørane har vore å ha kontroll på kostnadane i gode tider. Difor har oppturane gjerne vore etterfølgt av smertefulle kuttprosessar, slik den maritime industrien har fått merke dei siste åra.

– Syklusar har vi alltid hatt, og vi har aldri greidd å handtere dei. Med ein gong oppturen kjem, så har kostnadane kome. Men denne gongen skal vi klare det, sa han.

Vil ha tettare samarbeid

Sætre fortalde korleis Statoil har jobba med å standardisere og forenkle arbeidet. Samstundes har han tru på å samarbeide tettare med leverandørane, for å unngå å hamne i same situasjon igjen.

– Det har vore beintøft, ikkje minst for leverandørane, påpeiker han.

Sætre har også jobba for å utvikle ein kultur i selskapet for å utfordre kvarande, og ikkje minst jobba for å halde investeringane oppe.

– Men det var sjølvsagt fristande å slutte å investere, sa han om då oljeprisen stupte til nær ein firedel av då han overtok sjefsstolen.

Første fjernstyrte plattform

Sætre meiner auka digitalisering vil vere «ein enorm mulegheit for vår industri», og ein konkurransefordel.

I sommar vil Statoil starte opp sin første fjernstyrte plattform heilt utan menneske om bord. Der vil alt som skjer heilt ut til spissen av borehovudet, bli registrert i kontrollrommet på land.

– Det er viktig å tenke langsiktig oppe i all frustrasjon og utfordringar ein kanskje opplever, påpeika han.