Herøy kommune vil bygge ut for Marine Harvest

Oppdrettsgiganten skal utvide på Eggesbønes.

Marine Harvest, Eggesbønes.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Herøy kommune skal gjennomføre og finansiere vidare utbygging av industriområdet på Eggesbønes, skriv Vestlandsnytt.

Formannskapet i Herøy fekk førelagt ein intensjonsavtale om dette i sitt møte førre veke. Oppdrettsgiganten får overlevert området i ferdig stand etter utbygging. Deretter skal Marine Harvest betale tilbake kommunen sine kostnadar over 15 år via ei årleg festeavgift.

– Denne avtalen gir tryggheit for at dei har til hensikt å vere her, sa Svein Gjelseth (Ap) då saka var oppe til handsaming.

Kommunen har lagt til rette for utbygging av området gjennom økonomiplanen for 2019 0g 2020. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret.


Marine Harvest bemannar ned i Herøy  

Marine Harvest reduserer talet på tilsette ved anlegget på Eggesbønes i Herøy.

 

Marine Harvest bygger to brønnbåtar

Marine Harvest si nye flåtesatsing, Dess Aquaculture, har inngått kontrakt på bygging av to nye brønnbåtar.

 

Rekordår for Marine Harvest

Marine Harvest fikk et operasjonelt driftsresultat på 181 millioner euro i fjerde kvartal. Fjoråret ble det beste i konsernets historie, men nå skal det kuttes.