Styreleiaren i det kommunale utleigeselskapet har tru på at aktiviteten til Barents Solutions kan trekke til seg meir næringsverksemd. I tillegg til bygging av båtar har vanylvingen Idar Strand starta produksjon av tennbrikker på staden - i kombinasjon med bilpleie(!).

– Eg gler meg kvar dag eg ser bilane køyre inn porten, seier Løvoll og trur dei er på god veg til å skape endå meir aktivitet på staden.

Samstundes vert det jobba med å regulere inn fleire bygg enn industrihallen, administrasjonsbygget og bustadbrakkene på tomta:– Og om det er behov for meir plass, så kan vi bygge nytt, seier han.

Vinterlagring og utleige av kaiplass har gitt noko inntekter, og målet er i første rekke at drifta skal gå i balanse.