Med sviktande inntekter måtte selskapet også tåle underskot på over ein halv million kroner i fjor.

– Vi er optimistiske, sjølv om det var blytungt i fjor og vi har utfordringar også i år, seier dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt AS.

Tek to år

Årsaka til optimismen er sjølvsagt at bærdyrkarane tok grep etter at det meste av plantane deira fraus vekk vinteren 2012/13.

– Men det tek to år frå nyplanting til full avling. Difor blir det ein ny mellomsesong no, og vi ventar eit lite underskot i år også, seier Valle og legg til at inneverande år ikkje blir like dårleg som fjoråret.

Først for året 2015 er det venta at nyplantinga viser igjen med gledelege tal i rekneskapen.

– Vi ser lyst på 2015 og 2016. Då vil vi få full effekt av nyplantingane, seier Valle.

Juling

Berre 118 tonn bær kom inn til Valldal Grønt i 2013.

– Nesten alt av plantar bar preg av juling om vinteren, seier Valle og siktar til barfrosten som tok knekken på det som skulle gi gode avlingar om sommaren.

Bærdyrkarane gav ikkje opp, men planta i staden nye felt med bærplantar. Og det kom litt bær på plantane allereie i år.

– Det var for lite, men kvaliteten på dei bæra vi hadde i år var svært bra, seier Valle og legg til at dette skuldast bær frå nye plantar, samt godt vêr om våren og sommaren.

Bærmengda i år er venta å bli rundt 300 tonn, medan ein først neste år reknar med å vere oppe i 500 tonn. Dette baserer seg på at arealet aukar og at det blir full bering på plantane neste år.

I tillegg til nyplanting har produsentane også investert mykje i vinterdekking, som forsikring mot nye vintrar med barfrost. Slik håpar ein å unngå nye år med store avlingsskadar.

Intakt aksjekapital

Ifølgje rekneskapen for fjoråret blei omsetnaden redusert med om lag 64 prosent som følgje av at råvaretilgangen svikta totalt.

– Vi hadde trudd resultatet skulle bli endå verre, men aksjekapitalen er framleis intakt. Det var eigenkapitalen som forsvann og vi vil få behov for å auke den på kort sikt, seier Valle.

Valldal Grønt er eigd av bærprodusentane i området.

I tillegg til at selskapet deira tapte stort på frostskadane i fjor, har den enkelte bærdyrkar lide store tap. Noko er dekt inn gjennom erstatning for avlingsskade, men Valle meiner dei på langt nær får dekt alt tapet.

Årsresultat i millionar kroner:

20132012+/-
Driftinntekt10,930-19,1
Driftsresultat-1,12,2-3,3
Resultat før skatt-2,21,4-3,6
<strong>tiltak:</strong> Bærdyrkarane i Valldal har no investert i vinterdekking av åkrane. Dette er ei forsikring mot barfrost og vanskelege vintrar. Arkivfoto: Terje Engås