Skogstad Sport med hovudkontor i Innvik sponsar Ole Gunnar Solskjærs klubb Cardiff. Produsenten av sport- og fritidskle frå Stryn er no den offisielle leverandøren av utandørskle til Cardiff City.

– Bakgrunnen er at vi har ein Storbritannia-partner med hovudkontor i Cardiff. Då har vi vore der ein del og sett på kampar, og leika med tanken om ein slik avtale, seier dagleg leiar Henning Skogstad til smp.no.

Følg smp.no på Facebook

Eksport til Storbritannia

Etter at Ole Gunnar Solskjær tok over som manager i klubben fekk ein sponsoravtale ny aktualitet.

– Solskjær er veldig respekter både i Norge og Storbritannia og vi er stolte over å vere på lag med ham og trur det kan gi oss mykje både i Norge og Storbritannia, seier Skogstad.

Avtalen med Cardiff inneberer marknadsføring av Skogstad-namnet  på stadion og bak Solskjær i samband med tv-intervju før og etter kamp.

Prisen for avtalen vil ikkje Skogstad ut med.

Skogstad starta eksport til Storbritannia i 2011 og vil satse meir på den europeiske marknaden i åra som kjem. Førebels er det likevel beskjedne  inntekter som kjem herifrå.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Gjekk i minus i fjor

Når det gjeld årsresultatet for 2013 må Skogstad for fyrste gong notere eit underskott. Resultat før skatt enda på minus 100.000 kroner av ein omsetnad på 114 millionar, medan driftsresultatet er på 543.000 kroner.

– Årsaka er pressa prisar og marginar her i Norge, samstundes som prisene i Kina stiger, slik at produksjonen vert dyrare, forklarer Skogstad.

Selskapet hadde pene overskott til og med 2010 då dei fekk eit resultat før skatt på 6,6 millionar.  I åra etterpå har det gått tyngre, men omsetnaden har heldt seg oppe, samstundes om bedrifta har solid eigenkapital.

– Vi føler ikkje det ligg noko dramatikk i dette underskottet. Omsetnaden stig, så vi er framleis populære i marknaden, påpeiker Skogstad.