Rem Offshore auka driftsinntektene med 50 prosent i andre kvartal samanlikna med same periode i fjor.

Driftsinntektene i andre kvartal var på 335 millionar kroner (232 mill. i andre kvartal  2013). Resultatet før skatt var 195 millionar kroner (120 mill. i andre kvartal 2013).

Følg smp.no på Facebook

Strålande fornøgd

Driftsresultatet før avskrivingar (EBITDA) var i andre kvartal 195 millionar, noko som svarar til ein EBITDA-margin på heile 58, 2 prosent.

– Vi er glade for resultatet, og dette er det beste kvartalet  i kroner og ører i vår historie. Det er også lenge sidan vi har opplevd så høge marginar i prosent.  Dette skuldast at vi har fleire skip på lange kontraktar, og alle våre subseaskip har gitt positive bidrag. Samla hadde flåten ein utnyttelsesgrad på 95 prosent i andre kvartal, så vi har ein veldig god flåteutnytting, seier Remøy.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Moderne flåte

Spotmarknaden har ikkje vore som forventa dette kvartalet.

– Men vi har berre hatt eit skip på spotmarknaden, og vi har dermed vore lite eksponert, seier Remøy.

– Vi har ein moderne flåte med lite tekniske problem, og som også gjer at vi klarer å halde kostnadene på eit akseptabelt nivå, seier Remøy.