Driftsinntektene i konsernet, inkl. gevinst/tap ved sal av skip, auka i fjor til 1,2 milliardar kroner. Ifølgje årsmeldinga skuldast veksten i hovudsak gevinstar relatert til sal av skip, fleire skip i operasjon og ein noko bedra marknad.

Driftsresultat før av- og nedskriving (EBITDA) vart i fjor 706 millionar. Ser man bort frå salsgevinstar/andre driftsinntekter på 338 millionar, vart EBITDA i fjor 368. Det er på same nivå som i 2012 og 2011 (370 mill. og 368 mill. hhv). I 2013 tilsvarer det ein EBITDA-margin på ca. 40 prosent.

Konsernet, med base i Fosnavåg, hadde ved årsskiftet ein flåte på 20 skip – 16 forsyningsskip (10 PSV og 6 MPSV) og 4 ankerhandteringsskip.

Selskapet selde i fjor fem skip, og der tre av dei vart leigd tilbake på bareboatkontrakter. Styret skriv i årsmeldinga at det så langt i 2014 har vore muleg å sikre PSV-skipa i Nordsjøen arbeid på eit nivå som gir akseptabel avkastning. Når det gjeld AHTS-ar, påpeiker styret at marknaden har vore meir stabil enn føregåande år, men at balansen i Nordsjøen framleis er i favør av betraktar.

Ifølgje styret held subseamarknaden seg sterk, i alle fall på kort sikt.Det var i fjor i overkant av 400 tilsette i selskapet, i tillegg til omlag 50 innleigde.