Driftsresultat før avskrivingar enda på 127 millionar kroner i fjor. Det er ein auke på 13 millionar kroner samanlikna med året før. 2012 var elles prega av omfattande verkstadopphald for fleire av skipa.

Styret skriv i årsmeldinga at dei ventar ei lita betring i det ordinære driftsresultatet i 2014 i forhold til 2013.

I tillegg til eigne skip står konsernet for drift av tre PSV-farty som er eksternt eigd. Konsernet eig også noko eigedom og ein aksjepost i Fosnavåg Pelagic.

Ved årsskiftet var det 168 tilsette i konsernet. Det er Joakim Remøy, Line Remøy Strømsvik, Helene Remøy og Sissel Oterhals Remøy som er aksjonærar i selskapet.

Årsresultat i mill. kr.20132012+/-
Driftsinntekt311269+ 42
Driftsresultat5345+ 12
Resultat før skatt12,94,5+ 8,4