Trafikken har vore god på Fjord1 sine turistruter i sommar, melder selskapet i ei pressemelding.

– Med ein auke på om lag 10 prosent på Geiranger-Hellesylt i Møre og Romsdal og Gudvangen-Kaupanger i Sogn og Fjordane pr. august i år, styrer vi mot ein god turistsesong på desse rutene, fortel Gunnar Helle i Fjord1, i ei pressemelding.

Helle er leiar for marknad og reiseliv i selskapet. Fjord1 melder også om større auke på turistruta Geiranger - Valldal, men her er trafikkgrunnlaget frå tidlegare år lite.