Fjord1 fekk økonomien på rett kjøl etter eit underskott i 2012 på nær 100 millionar.

Rekneskapen for 2013 viser eit overskott på 24 millionar kroner før skatt frå ein omsetnad på 2,35 milliardar. Driftsresultatet enda på 152 millionar kroner.

Etter 100-millionarsmellen i 2012, sette selskapet alle klutar til for å snu skuta, med eit forbetringsprogram.

– Samla sett har forbetringsprogrammet bidrege til å snu negative resultat til positive trendar. Det økonomiske resultatet for 2013 er ikkje tilfredsstillande, men utviklingstrekka er positiv for selskapet, heiter det i årsmeldinga for 2013.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Selskapet har ferje- og hurtigbåtdrift som si hovudverksemd, men gjekk i fjor inn som medeigar i flyselskapet Widerøe. Fjord1 er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (59 %) og Havilafjord (41 %) og har hovudkontor i Florø.

Les mer om denne saka i Sunnmørsposten onsdag

Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1 meiner selskapet har meir å hente på det økonomiske, sjølv om 2013-rekneskapen viste pluss på botnlinja. Foto: Knut Arne Aarset